Bruvik skule

5285 Bruvik

Gratulerer med dagen!

Eit skuleprosjekt

GAMLE STADNAMN PÅ BRUVIK




Nynorsk ordliste


http://nettvett.reddbarna.no/



 



http://www.skolefrukt.no/

Nytt

IMG_0140.JPG

Kafé og maistemning på skulen

Onsdag arrangerte 7. trinn kafé. Ein liten forsmak på den store dagen. Vi ynskjer alle ein strålande 17. mai!
Les meir »   17.05.2012

CIMG1227.JPG

Tinestafett og idrettsdag

Fredag 11. mai gjennomførte vi både Tinestafett og idrettsdag. 1. - 4. trinn var ivrig heiagjeng då 6. - 7. trinn deltok i Tinestafetten. Etterpå var alle med på idrettsdagen.Elevane hoppa lengde, kasta liten ball og sprang 60-meteren. Idrettsgleda var på topp!
14.05.2012

nysgjerrigper150.jpg

Årets Nysgjerrigper 2012

Bruvik skule deltek med prosjekta "Gamle stadnamn på Bruvik", "Kan me bli flinkare i matematikk viss me får lov til å tyggje tyggis i mattetimane på skulen og når me gjer matteleksene?" og "Kva inneber den nye norske ordet "framsnakking", og er dette eit omgrep som me vil bruke framover i klassen vår?"
Les meir »   13.05.2012

bruvik_varstemning.jpg

Vårdugnad

Fredag 4. mai hadde vi ryddedag på skulen. Det blei rydda langsmed vegen frå kyrkja til skulen, på fotballbana og rundt skulen. Skuleplassen blei spylt og vegger vaska. Ivrige elevar gjorde ein strålande innsats!
14.05.2012

cimg1112.jpg

Ingen mobbing dei siste månadene

viser Olweus spørjeundersøking. Elevane i 3. - 7. trinn svarte på undersøkinga, og av dei var det 95,5% som deltok. Elevane har mange vener, dei blir sett og høyrt. Rapportane frå friminutta viser til elevar som leikar godt saman, hjelper kvarandre og passar på kvarandre.
Les meir »   29.04.2012

img_3640.jpg

Stadnamnprosjektet

Alle både elevar og lærarar har delteke i prosjektet. Vi har nytta nysgjerrigpermetoden der elevane har laga hypotesar, sett opp ein plan for undersøkinga, vore ute og henta opplysningar og fortalt til andre om kva dei har jobba med. Til slutt er det skrive ein fyldig rapport som gir innblikk i korleis elevane har jobba som forskarar på stadnamn.
Les meir »   29.04.2012

cimg1131.jpg

Verda sin bokdag 2012

Vi markerte verda sin bokdag i Lampesalen med høgtlesing. Elevane i 6. og 7. klasse fekk kvar si bok.
29.04.2012

img_0052.jpg

Takk til FAU for dei fine uteleikane!

Dei er populære!
29.04.2012

RSS

Søk

Pålogging Skydrive Outlook e-post

Pålogging til Nasjonale prøver

Pålogging elevundersøkinga

                        

Abonner på nytt

Din Epost-adresse: